Blogg

noimage

2008
Sommeren og hausten 2007 har i likheit med våren vore spekka med flotte opplevingar og spennande program. Og 2008 kom før ein fekk snudd hatten. Enten kjem tida raskare no enn ho gjorde før slik mor mi påstår, eller så har eg blitt seinare på avtrekkaren.

Eg håper ikkje det er gammalmannsykja som har meldt seg, men eg må innrømme at eg grur meg litt meir for kvart nyttårskifte no. Det minner meg på at eg faktisk har passert 50 og at eg må begynne å bli vaksen snart. Eg må sjå til å prioritere kvassare. Kanskje der er fleire på min alder som har gjort seg liknande tankar? -at der er så mykje ein enno har lyst å gjere, men – ein vil ikkje rekke alt.

 

Samtidig blir eg glad og takksam for å ha fått vere med så lenge. For det er ikkje sjølsagt. Eg har meir enn ein gong knipe meg i arma med tanke på kor priviligert eg er, som har fått ein slik spennande leveveg og som får ha så mange flotte folk og vener rundt meg.

 

Dette året har eg endå til fått ny status: Kona mi Ingrid Marie og eg har blitt besteforeldre til nydelege Emma Emilie, som kom til verda i august. – Halleluja! – Ho er heilt nydeleg!

 

Marte og Jan Erik er stolte foreldre.

 

Juli

 

vart ein skikkeleg god-sommar for min del. Etter herlege dagar med Kulturmix på Scopelos var det tilbake til Norge og Moldejazz der Skruk og Nymarks Kollektiv med Tord Gustavsen stod for kyrkjekonsertane på jazzfestivalen dette året.


Moldejazz 2007
 

Repetoaret var frå den nye innspelinga vi hadde gjort med tittelen “Dype stile, sterke milde” og som var arrangert for Skruk og Nymarks Kollektiv av Tord Gustavsen.


2000 publikumarar fekk oppleve to flotte konsertar med kjende songar og salmar frå vår tradisjon, framført med ein touch av roots, gospel og “jazz på norska” .

 

Emma EmilieEtter det flotte brudlaupet til fadderbarnet mitt Kristian Hjelset, var august på oss og nesten heile slekta drog til Mallorca for å feire 80-årsdagen til mi spreke svigermor. Ei heil veke til endes heldt vi det gåande frå tidleg morgon og til midt på natt – heile veka, og jubilanten ho var med på alt. Det er slike personar som gjer ein mindre pessimistisk med tanke på å bli eldre…

 

 

August

 

kom då også med det store underet; Marte fekk ei velskapt jente, og Ingrid Marie og eg gjekk inn i ein ny æra, og fekk tittlane mormor og morfar. Eg var så heldig at eg var i Oslo akkurat då det hende, og fekk sjå ho like etter at ho hadde sett dagslys for første gong. Ei rar, rørande og stor oppleving; livet og slekta vert boren vidare…

 

Etter besøket på fødestova barst det for min del rett til flyplassen, der Per Arild Skorgen og eg sette kursen for Azerbaijan, til hovudstaden Baku. Saman med Siyavoush Kerimi drog vi frå Baku til Lankaran, ein liten by på grensa til Iran for å møte nokre syngande kvinner der. I denne byen held dei vist nok enno i hevd ein gamal tradisjon, der kvinner samlast i grupper når dei arbeider og syng til arbeidet. Litt av ein kakafoni når fleire grupper syng samtidig.

 

Songane minner litt om norske folkesongar, med versa sungne av ein forsanger og gruppa som svarar med refrenget. (… liknande: “på vollen dansar mi jomfru”) Og som elles på kloda handla tekstane om døden, livet, arbeidet og kjærleiken …

 

Siyavoush hadde med opptaksutstyr for CD frå Baku og eit TV-teame frå Azerbaijansk fjernsyn dekte delar av det som skjedde. Han ønskjer å dokumentere denne aktiviten medan den enno er ein organisk del av kulturen og før den glir over til å bli ein meir museal aktivitet.

 

Nokre av dykk er sikkert lei av å høyre meg tyte om Azerbaijan, men eg har likevel tenkt å legge ut ein liten visualisert stemningsrapport frå turen vår og ei kort grunngjeving for min fasinasjon av landet mot slutten av dette brevet.


Baku i vekst
 

I august vart Sommerlandet sett opp på nytt med kor og orkester under Haugetunfestivalen i Fredrikstad. Over 100 songarar tok del i den sterke opplevinga det er å synge dette verket saman med Tord Gustavsen og hans medmusikanter, og med Torunn Sævik og Ceclie Jørstad som solist og oppleser.

 

Barrat Due

 

Ei stor ære var det også for meg å bli innvitert til konservatoriet Barrat Due si semesteråpning for eit interakivt foredrag om musikalsk utøving og kommunikasjon.

 

“Hele Norge Synger”

 

Sjefen for Rikskonsertene, Åse Kleveland tok kontakt tidleg på våren for å lufte ein prosjekt-idè som ho hadde jobba med ei stund. Tittel på prosjektet var “Hele Norge Synger”.

 

Idèen gjekk kort fortalt ut på at professionelle artistar i samarbeid med kulturhusa og lokale krefter skulle bidra til å få opp songaktiviteten og songinteressa rundt om i landet. Saman skulle ein skape ein minifestival over tre dagar der flest mogleg var involverte.

 

Dette skulle skje på fleire “scener” i regionen som fekk besøk av “Hele Norge Synger”, og festivalen skulle so kuliminerte med ei festforstilling i Kulturhuset siste dagen der songen og allsongen stod i sentrum! Eg fekk vere med som ein av fleire dirigentar.

 

Og Rikskonsertane spytta ikkje i glaset når det gjaldt å finne populære artistar:


Artistar
 

Det heile starta med fynd og klem i Namsos siste helga i september. Hudrevis av voksne, born, og ungdomar var i musikalsk aktivitet heile festivalen, frå tidleg morgon til seine kveld. Konsertar og allsang på bussar, i rundkøyringar, på alders-og sjukeheimar i bankar og butikkar og med to kjempe-konsertar i fullsette kulturhus på laurdag og søndag.

 

Hele Norge SyngerEtter Namsos fekk Ål, Stavanger, Lyngdal Arendal, Trondheim, Mo i Rana, Oppdal og Sogndal besøk.

 

Nissa Nyberget var ein energisprutande kapellmester for det heile.

 

Dette er sjølsagt eit svært løft for Rikskonsertane. Alle som er så heldige å få “Hele Norge Synger” til sin region får ei mulegheit til å oppleve å bli lyttande medrivne og aktivt deltakande i ei herleg og festleg forestilling saman med lokale krefter og flotte artistar.

 

Ikkje minst så er dette ein herleg visjonær idè som Rikskonsertane og mor Åse med alle sine medhjelparar skal ha takk for, og som bevilgende myndigheter må forstå verdien av, og gi livets rett vidare.

 

Hausten

 

gjekk som den plar gjere med korseminar og konsertar rundt om i heile landet. Her var FestiVolda eit av høgdepunkta.

 

Og så var det Jul.

 

* * * * * * *

 

Kulturlandet Azerbaijan

 

I 1831 skreiv Henrik Wergeland i “Det befriede Europa”:

 

Hvad Lynglimt dernede?
Mon skyder Bakus Dyb Naftasøiler mod Nathimlen?
– Heijah!
de Lyn ere Sværdhug og Frihedens Ild, som frembryder af Millionernes Hjerter.

 

Og i 1899 reiste nobelprisvinnar Knut Hamsun til Aserbajdsjan og Georgia.
Boka “I æventyrland – Oplevet og drømt i Kaukasien” gir ei fascinerende skildring av denne reisa, og han avsluttar med orda: “Men jeg vil altid længes tilbake hertil. For jeg har drukket av floden Kur.”

 

Ja, eg vedgår det gjerne. Eg er fasinert av, og begeistra for dette landet på vestkysten av Kaspihavet. Dette folket som hyller filosofane, poetane, og komponistane sine på ein måte som kan minne om viraken (den positive) som blir vår eigen kongefamilie til del her i Norge. Eit folk som har tatt vare på, og som er stolte av sin nasjonale kultur, og som attpå til synest å vere betre orientert om Europeisk kulturhistrie enn kva den jamne skandinav er i dag.


Varmt i Baku
 

Kven i Norge har høyrt om filosofen og poeten Nizami for eksempel, eller kven av oss kjenner til nokre av Azerbaijan sine store komponistar?

 

Då eg kom til Azerbaijan første gongen og dei høyrde eg var norsk, ville dei gjerne diskutere Henrik Ibsen med meg. Edvard Grieg er ein av dei verkeleg store og populære komponistane for Azerbaijanarane og dei kjenner godt til Munch og Vigeland.

 

11. SEPTEMBER
Azerbaijanarane er frå gammalt av berykta for gjestfriheita si. Den er nemd både i poesi og historie. Og dei er rause og opne for oss som kjem på besøk.

 

Då eg vitja Baku like etter terrorangrepa i New York 11. september hadde kunstnarar, kor og artistar nettopp vore samla i Baku til ein støttekonsert med pengeinnsamling for dei etterlatte etter Twin Tower-katastrofen. På scena hadde dei store plakatar med tekstar som: “America we are behind you”

 

Eg kom over bannere og plakatar frå denne støttekonserten i øvingsrommet til eit av kora som eg vitja i Baku denne turen. Dei fortalde meg om konserten då dei såg at eg vart så forundra over plakatane.

 

Så vidt eg veit har ingen av dei som seier seg opptekne av å vere det frie ords vaktarar i våre vestlege media med “viktege” Muhammed teikningar og siste nytt frå handveska til Britney Spiers, nemt noko om dette i det heile tatt.

 

Eg veit ikkje om andre heller foresten, hverken i Norge eller USA som har nemnt, eller som kjenner til dette tiltaket frå eit muslimsk folk som ønskte å vise medkjensle, og som fulgte det opp i handling …


Baku sentrum
 

INDUSTRI- OG KULTURMETROPOL
Baku er hovudstaden i Azerbaijan, og i 2003 hadde byen ca 2 mill innbyggarar. Så tidleg som i 1820-åra etablerte den første, kjente “oljeindustrien” seg i denne byen. Verksemda vart kontrollert og nasjonalisert av den russiske tsaren.

 

I 1873 var 20 raffineri i full verksemd, og parafinen fra Baku oversvømde raskt den europeiske marknaden, og utkonkurrerte i periodar heilt den importerte amerikanske lampeoljen. I 1900 stod Baku for halvparten av verda sin oljeproduksjon.

 

Likevel. Det er kulturen sin dei er stolte av. Ein må berre bli fasinert av eit land som har sitt eige staseleg bygg kun for dukketeater og som har eit eige musikkonservatorium kun for sin nasjonale musikk og sine nasjonale instrument. I dette landet er teikning, musikk og dans sentrale, prioriterte og prestisjefylte fag gjennom heile grunnskulen.

 

Eg møtte faktisk ein familiefar som gret over at sonen ikkje ville bli komponist eller musikar men som heller ville bli IT-ingeniør. Surrealistisk for ein kultivert nordmann.


Gamlebyen i Baku
 

Azerbaijan blir kalla for det store veikrysset på den gamle “Silkevegen”. Her kom dei innom både handelsfolk, krigarar og oppdagarar på reisene sine. Baku har oppgjennom historia vore ein smeltedigel og møteplass for kultur og kulturar med impulsar frå heile verda. Og sjølsagt tok besøkande med seg impulsar heim att frå Azerbaijan. Temaet frå Bach sin Toccata Fuge i G-moll er nesten heilt identisk med ein Azerbaijansk folketone som dei hevder å kunne spore fleire tusen år tilbake..

 

Gamlebyen i Baku har kome på FN si verdsarv liste. Og i følgje dokument frå dei som forvaltar denne lista, representerer gamlebyen, som eigentleg heiter Icheri Sheher eit heilt uvanleg og merkeleg historisk urbant ensemble av atmosfære og arkitektur med påveknader frå Zorastrisk, Sassansk, Arabisk, Persisk, Shirvansk, Ottomansk og Russisk kultur.

 

DET AZERBAIJANSKE KJØKEN
Den jamne Azerbaijaner er ikkje så lite stolt av sitt kjøkken og kokekunst. I Baku kan ein finne restaurantar for ein kvar smak, og i alle prisklasser.


Bakgård i Baku
 

Skal du til Azerbaijan bør du lærer deg namnet på nokre av dei nasjonale matrettane. Nemner du desse har du innpass hos folk med ein gong og dei ser deg som ein venn og kjær gjest.

 

Dusjpærè kan minne om ertesuppe, men med pastaputer fylte av kjøt, og eit slag gryn istaden for erter.

 

Arshemankufte er ein ball på størrelse med ein handball, laga av hakka fårekjøtt, og pakka rundt ein fugl (gjerne kylling) som igjen er fylt med forskjelleg frukt som fersken eple og svisker. Denne blir kokt i ein slags buljong, der kjøtkrafta etter kokinga først vert servert med brødbitar i før Arshemankufta kjem på bordet, vert kløyvd så fuglen kjem til syne med alle godsakene av frukt inne i, og fordelt til gjestane.


Lunsjpause
 

Dolma kan vere laga av paprika, auberginer, tomater eller drueblad fylte med kjøtfarse og ris.

 

Plof er kokt ris servert med kylling, fårekjøt, og storfekjøt og kokt i samme gryte som fersken og frukt. Dette skal etast i samme porsjon. Her er delikatessen skorpa av risen som har bruna seg litt i botnen av panna….


Kjøken på bygda
 

…. og så den kaspiske fisken då sjølsagt, for ikkje å snakke om alle salatane og grønsakene som har ein heilt eigen kvalitet, smak og størrelse her. Nydeleg mat er det alt saman, men for ein nordmann som meir og meir handlar brødmaten sin i butikken, er det kanskje brødet som dei bakar på landsbygda, i noko som liknar tandoori-ovnar, som verkeleg får fram dei store superlativa og matlysta.


Kvinner
 

Dei Kaukasiske teppa som dei knyter får bli eit anna kapittel, no må eg ha meg litt mat

 

..mmm.. eg gler meg alt til neste tur.

Publisert 01.11.2008 Skriv ut artikkelen Bookmark and Share

Reporter :  webmaster
Source : 


  • Mai 2010
    Mai 2010
    01.07.2010
    2009 var eit spennande år på mange måtar. Kva ville året bere med seg av godt og gale? Kva ville f eks fredsprisvinnaren Obama klare å utrette, som president i det mest innflytelsesrike landet i verda? Korleis ville den finansielle uroa som drog seg til i 2008 utvikle seg? Ville vi merke noko av dette her i Norge – og i Volda f.eks?
  • Våren har kome til Volda
    Hei alle som har purra meg om å fornye og oppdatere denne sida. Takk skal de ha! Det er faktisk kjekt med slike purringar – det viser at nokon kikar innom av og til. Så takk og takk, og her kjem endeleg oppdateringa. Eg startar like godt der forrige side slutta – i 2008.
  • x