Blogg

noimage

Endeleg kom vinteren til Volda

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Saltre i Hjørundfjorden

Volda februar 2007

 

Alle snakkar om veret
Vi Sunnmøringar er kjende for å vere opptekne av veret… og no begynner vist resten av værda å kome etter òg.

 

«Min båt er så liten og havet så stort» song vi på søndagskulen i hine trygge dagar.

 

2005 og 2006 var to år som overbeviste fleire enn nokon gong tidlegare, om at vi som er bufaste på denne kloda faktisk «er i same båt»; og at vi må til å ta det på alvor.

 

…verda vart plutseleg så lita og veret så stort.

 

Vel, vi får gå dei neste åra i møte med dette i bakhovudet, og så får vi gjere så godt vi kan. I tillegg får alle som bed, be om at kloda og vi som bur her kan finne ut av korleis vi kan leve med kvarandre.

 

Heldigvis er utfordringar noko som appellerer til folk flest… og no er 2007 i alle fall i gang. Motløyse og tunge tankar kan bli påtrengande for nokon kvar, når nyheiter og media får oss til å kjenne oss handlingslamma. Tor Jonsson har eit nydeleg dikt som svar til dette:

 

Ordet

 

Kva hjelp det å syngje som elv i det aude?
Kva hjelp det å kyngje med klokker for daude?

 

Kva hjelp det å skapa all venleik i verda,
Når ordet lyt tapa for svolten og sverda?

 

Slik undrast og spør vi i modlause stunder,
Men hugse det bør vi: Eit ord er eit under.

 

Dei gløymest dei gjæve, og alt det dei gjorde.
Men livet er æve. Og evig er ordet.

 

Tor Jonsen

 


Korseminara er i gong for min del. Nye kor og nye stadar. I slutten av Januar fekk eg eit artig og inspirerande møte med det som må vere verdens største mannskor i forhold til folketalet. Tennfjord mannskor frå den vesle bygda Tennfjord på Sunnmøre stiller med 50 mann, og det med gode stemmer til og med. Dei har markert seg langt utanfor eigne heimtrakter med både godt humør og spenstig korsong, og med ei sprek og dynamisk dame som svingar taktstokken.

 

Ny CD
Under vår Kulturmix i Azerbaijan i 2002 møttest toppmusikarar og artistar frå Azerbaijan med gruppa Altiplano frå Ecuador, til eit musikalsk eksperiment i Baku.

 

Etter 4 veker med intens arbeid under leiing av Mr. Siyavush Karimi, vart resultatet av eit eineståande musikalsk kulturmøte framført for over 2000 publikumarar i ein TV overført konsert på Azerbaijansk fjernsyn.

 

Transatlantic Non-StopDeretter vart det heile spela inn i Mr. Siyavush Karimi sitt lydstudio.

 

Innspelinga «Transatlantic Non-stop»vart lansert på Kirkelig Kulturverksted sin label i Norge, no i februar.

 

I løpet av 2007 og neste år vil CD`en bli lansert først i Europa og seinare over heile verda.

 

Det har blitt ei vakker og annaleis world music-plate, der begge partar får halde på si eigenart. Dette er ikkje noko integreringsprosjekt. Det er eit inkluderingsprosjekt, der dei samlar sine musikalske og historiske ærfaringar til eit sterkt felles uttrykk på ein forunderleg logisk måte.

 

CD`en har fått god mottaking hjå kritikarar i Norge, og sjølv om eg på fleire måtar er inhabil så er eg likevel trygg på at eg gjer rett når eg her anbefaler den på det sterkaste.

 

Ny butikk med alt frå Kirkelig Kulturverksted
I dette høve må ein liten og artig nystarta butikk for glass, keramikk og musikk på Grünerløkka nemnast. Den ber namnet «Kaffen Klar» og ligg i Herslebs gt.2 like ved Schous plass. Her kan ein ta seg ein kopp kaffe medan ein lytter til musikk.

 

Dette er den einaste butikken i Norge som i dag har absolutt alle produksjonane frå Kirkelig Kulturverksted tilgjengeleg. Den som ønskjer det kan ringe inn, eller via E-mailadressa "> bestille og få tilsendt musikk.

 

Kulturmix
Eg må også få vise til vår nye heimeside for www.globaltravel.no, som har vokse ut av kulturmix-produksjonane. Gjennom Global Travel ønskjer vi å få Kulturmixreisene inn i meir organiserte former, og vi vil også prøve med andre typer kulturrelaterte turopplegg.

 

No ser eg og fleire med meg fram til neste Kulturmix, som blir på Cuba i påska. Her skal vi mellom anna møte eit kor i Havanna for utveksling av songar og felles seminar. Og vi får treffe igjen Altiplano som fohåpentlegvis får mingla seg med Cubanske musikarar saman med oss i Kulturmix-koret. Vi vil også møte igjen songarar som vi har invitert over frå universitetskoret vi sang med i Lima. Deretter blir det Kulturmix med sommer sol og sang på Skopelos i overgangen Juni/juli.

 

Det skal bli kjekt!

Sundal i Volda

Publisert 01.02.2007 Skriv ut artikkelen Bookmark and Share

Reporter :  webmaster
Source : 


  • Mai 2010
    Mai 2010
    01.07.2010
    2009 var eit spennande år på mange måtar. Kva ville året bere med seg av godt og gale? Kva ville f eks fredsprisvinnaren Obama klare å utrette, som president i det mest innflytelsesrike landet i verda? Korleis ville den finansielle uroa som drog seg til i 2008 utvikle seg? Ville vi merke noko av dette her i Norge – og i Volda f.eks?
  • Våren har kome til Volda
    Hei alle som har purra meg om å fornye og oppdatere denne sida. Takk skal de ha! Det er faktisk kjekt med slike purringar – det viser at nokon kikar innom av og til. Så takk og takk, og her kjem endeleg oppdateringa. Eg startar like godt der forrige side slutta – i 2008.
  • x