Blogg

noimage

Mai 2010
2009 var eit spennande år på mange måtar. Kva ville året bere med seg av godt og gale? Kva ville f eks fredsprisvinnaren Obama klare å utrette, som president i det mest innflytelsesrike landet i verda? Korleis ville den finansielle uroa som drog seg til i 2008 utvikle seg? Ville vi merke noko av dette her i Norge – og i Volda f.eks?

 

 

 

 

 

Ikkje at det var på grunn av finanskrise eller presidenten i USA. Men ein fredags kveld no i april fekk eg meg ein skikkeleg kipp. Ja, eit skikkeleg sjokk faktisk.

 

SJOKK

 

Eg snakkar om ei sjokkerande oppleving ein fredagskveld i slutten av April 2010. SKRUK var i opninga av ein helge-turnè og vi skulle starte denne kvelden i Oslo, med ein konsert i Kulturkirka Jacob og med påfølgjande turnè i austlandsområdet dei neste dagane. Konserten denne fredagskvelden skulle starte kl. 21, med førebuing og prøver frå kl. 19:00

 

Rett før helga hadde eg oppdaga at annonsene i Vårt Land ikkje hadde fått med denne konserten i Jacobskirka. Dette var ein viktig konsert for oss, så eg prøvde å purre pr-ansvarleg i Skruk for å tipse han om glippen, men eg kom ikkje gjennom på telefonen.

 

Tidlegare på ettermiddagen denne fredagen, hadde eg site heime hos Erik Hillestad og diskutert eit spennande turnèopplegg for Skruk til mai neste år. Møtet drog ut, og då klokka nærma seg halv sju begynte eg å bli rastlaus med tanke på konserten og for prøvene som snart skulle ta til. Men Erik hadde mykje på hjartet og fekk meg til å forlenge møtet enno litt… Til slutt måtte eg berre stresse av garde for å nå prøvene i Jacobskirka.

 

Då eg parkerte utanfor kirka, slo det meg at der var så stille. Vanlegvis plar fleire Skrukarar stå og henge utanfor inngangen fram til øvinga startar. Denne gongen var det kun formann Trygve som stod der.

 

Eg merka meg at han hadde kvit skjorte og svart dressbukse. Det var også uvanleg – til å vere han.

 

Merkeleg.

 

Vel, ikkje meir grubling rundt det – han hadde sikkert piska koret på plass slik at vi kunn begynne presis. No stod han sikkert her for å ta meg, som kom slik i seinaste laget.

 

Eg leita fram notemappa, justerte hovud og antenner for øving og følgde han inn.

 

Lyset var tydelegvis rigga opp allereie, for då vi kom inn, måtte eg myse for å skimte nokre av koristane. Av alle ting så hadde dei stilt opp – ute i rommet – og mot koret i kirka, der Lars Trygve og eg kom inn.

 

”Hurra for deg som fyller ditt år!! ”

 

Det braka laust. Eit enormt kor-brus slo meg nesten i bakken.

 

Jau då, det var bursdagen min. 60 års dag for å vere presis. Men dette!?

 

 

Her måtte det då vere fleire enn SKRUK i rommet, med denne lyden – og dette trøkket.

 

Og då høyrde eg kirkeorgelet.

 

Kor og orgel brusa om kapp og eg skimta Henning Sommerro borte ved orglet. Gjennom det sterke motlyset – skimta eg tre kulturmixarar – og der, der var jammen Helge frå gutedagane også. Langbord med nydeleg oppdekking. Ballongar under taket.

 

Og der var forsyne meg gode gamle Rob W, – fjellkoristar frå 80 og 90-talet – og han Steinar var komen eins ærend frå Arenal. Gode og kjære vener frå forskjellege perioder i livet. Golvet begynte å gynge, magen gjorde rundkast og augene kobla om frå vidvinkel til tunnellsyn. Erik som eg nettopp hadde sagt hadet til stod og gliste borte i ein krok.

 

Tunellsynet mitt oppdaga etter kvart den eine gamle, og så den andre nye kjenningen. Og enno før eg heilt skjøna kva som var i gong, kom Ytre Suløens Jass-ensemble og Tricia Boutteé brasande inn i det heile. Puh! For ei mottaking! For ei overumpling og for eit program det vart denne kvelden! No forstod eg kvifor Skruk-konserten i Jacobskirka hadde ramla ut av annonsa i Vårt Land. Og eg som hadde reklamert så hardt for denne konserten i Jacobskirka på forrige korseminar i Oslo.

 

BursdagsfeiringHelga Botn og Magne Fremmerlid – gamle Skrukarar som seinare har gjort karriere som operastjerner, hadde ei herleg oppvisning. Bjørn med vokalgruppa si King Kong Singers song så vedkjømeleg vakkert at gåsehuda for som godversgræler nedetter ryggen på oss som fekk høyre på. Kulturmixararane stilte opp med ei rørande framføring av Venskap og påfølgjande varme helsingar. Bernt Erik og Terje i duett med piano og gitar Ein kan bli varm både her og der av mindre.

 

Så konsert vart det i Jacobskirka denne kvelden likevel, men ikkje slik eg hadde tenkt. Her var det artige videohelsingar, skamlause talar og eit matbord som gjorde kvelden til eit einaste stort smil. Tidlegare formann i Skruk gjennom fleire ti-år, Kjetil Hjelset var kjøkmeistar og kalla fram artige og gode minner som sette det heile i rette Skruk-stemninga.

 

Eg skal vedgå at eg har bore på eit lite vemod med tanken på det å bli 60 år. Men denne kvelden vart eg skamfull merksam på at det var feil fokus. Det eg skulle bere i meg, var i sjølsagt takksemd for den fantastiske familien, dei vennane og det privilgerte livet eg har vore velsigna med i alle desse åra.

 

På neste side for 2010 som kjem om ikkje så lenge, vil der følgje ei lita kavalkade av bilder frå denne fantastiske festen.

 

 

Så til 2009

 

2009 starta på same måten som dei gjorde 2008 og 2007; med nyttårskonsertane til Sunnivakoret . Og koret blir berre betre og betre. Denne gongen var det Stranda som vart lagt for koret sine føter igjen.

 

EIT NYTT KOR BLIR FØDT


Kulturmixkoret møttest for første gong i Oslo 20 -22 januar. Ideen hadde eigentleg sveva mellom nokre personar ei stund, og no var vi ein gjeng som bestemte oss for å prøve om dette kunne vere liv laga. Interessa viste seg å vere stor. Godt oppmøte på første samling, og etter fleire samlingar gjennom 2009 og no i 2010 er vi ca 130 registrerte medlemmar.

 

Dette er koristar som kan tenkje seg å bli med på Kulturmixreiser før eller sidan, og som elles likar å ha ein plass å møte andre korentusiastar frå heile Norge, Sverige, Danmark og Finland – tre til fire gongar i året.

 

Kulturmixkoret er fødd!

 

Appropos Kulturmix, så vart det ingen tur denne vinteren. Vi hadde eit nytt forsøk på Kenya, men måtte dessverre legge det på is. I staden vart det som vanleg for min del, korseminar i helgane heime i Norge. Og det er jo kjekt det også.


 

EIN FØDSEL TIL

 

1.mars skjedde det store underet igjen. Då vart eg bestefar for andre gong. Julia Maria vart fødd. Nydelege Julia Maria! Fantastisk. Bestefar til to nydelege jenter.

 

 

 

IRAN

 

 

I mars fekk eg også oppleve Iran for første gong. Denne turen var eg med Erik Hillestad, som alt hadde vore der fleire gongar. I Teheran møtte vi den Iranske artisten og komponisten Maza, som vi skal ha eit samarbeid med i Skruk.

 

Den store poeten Hafez er ein av Iranarane sine mest elska diktarar og store stoltheit. Maza som har vokse opp med det persiske språket og Erik, arbeider saman med omsetting av Hafez-dikt. Maza lagar også melodiar til Erik sine gjendiktingar. Dette skal bli CD – og bok.

 

I slutten av Juli 2010 vil SKRUK starte med innspelingane av dette stoffet i Volda kyrkje. Maza frå Theran blir saman med oss, og Tord Gustavsen som er involvert som arrangør har sett saman eit ensemble for innspelinga. Erik Hillestad vil som så ofte før for Skruk sin del, vere produsent.

 

Verket skal dessutan urframførast på Kirefestspillene i Kristiansand i midten av August 2010.
 

Hafez si grav

 

Eit av høgdepunkta då vi vitja Iran var besøket ved Hafez si grav i byen Shiras. Kvar dag året rundt, står der køar av folk utanfor mausoleet til Hafez, denne poeten som har betydd så mykje for fleire generasjonar Iran og folk i nabolanda rundt Iran. Dei står i kø for å sleppe inn så dei kan røre ved gravsteinen til poeten. Fleire har med seg bøker av Hafez som dei står og les frå – for seg sjølv, eller for kvarandre. Nokre gret. Der er ei heilag atmosfære av ro og verdegheit.

 

REQUIEM

 

I Juli vart det ei effektiv og arbeidsom sommarsamling for SKRUK. Denne sommaren var samlinga lagt til Arendal, der vi saman med Tord Gustavsen og hans band skulle uroppføre Tord sitt bestillingsverk Requiem. Konsertstaden var nydelege og stemnings-fulle Arendal gravsted. (bildet er frå konserten) No ser vi fram til å framføre Requiem på Olavsdagane i Trondheim i 2010
 

Requiem

 

I tillegg til å innstudere dette hadde vi besøk av Carver S. Davenport som hadde med spirituales frå New Orleans. Dette stoffet skulle bli ein CD i August.

 

Etter ei sterk oppleving med Requiem i Arendal stod sommarens Kulturmixreise for tur.

 

 

 

KULTURMIX – KROATIA

 

På denne sommarturen for Kulturmix var vi 47 kulturmixarar som drog avgarde. Det starta med fly frå Gardermoen og Stockholm til Budapest. Her vart det tid til nokre ekspedisjonar rundt i Budapest sin steikende sommarvarme og enkelte fekk også med seg spa-opplevingar. På kvelden hadde vi leigd eigen elvecruise-båt og fekk eit stemningsfullt cruise på Donau med full middagsbuffet, før vi neste morgon sette oss på bussen og køyrde mot Kroatia.
 

kroatia

 

Målet var ein koseleg fiskarlandsby ved Opatia. Herr gjekk dagane med til bading, båttur og korøvingar. Vi avslutta Kroatiabesøket med ein sommerstemt utekonsert på plazaen midt i ein intim fjellandsby.
Konserten var i regi av ein sommerfestival som var akkurat då. Responsen vi fekk var overveldande. Vi måtte skuffe fleire publikumarar som kom for å kjøpe CD’ar.

 

Etter ei knapp veke i Kroatia, sette vi oss på bussen igjen med kurs for Budapest, for å ta ”Orientekspressen” til Praha der vi avslutta dette årets sommartur for Kulturmix.

 

Sjøl med busskøyring i meste laget for ei dryg veke å vere, vart det ein fin tur med ein saman sveisa og humørfylt gjeng og med nye bekjenskap.


Kroatia, utekonsert på plazaen

 

SKRUK


Skruk

 

I August var det plateinnspeling for Skruk igjen. Denne gongen ein acapella CD med tittelen Starry Crowns in Heaven. Repertoaret var spirituals og hymner, hovudsakleg komponert eller arrangert av Moses Hogan frå New Orleans.

 

 

KULTURMIX PERU


Amazonas

Denne gongen hadde vi bestemt oss for å ta med Amazonas i tillegg til Maccu Piccu og Lima. Og det vart ein ny og nydeleg tur igjen til Peru, med spektakulære naturopplevingar og møter med nye koristar i Peru i tillegg til gamle kjente frå forrige tur.

 

Det er moro å sjå kor godt den nordiske klangen slår an i dette landet. Kulturmixarane hadde meir enn nok å gjere etter konsertane med å stille opp for bilder og autografer.
 

 

Øving i Amazonas


Øving i Amazonas

 

I Amazonas budde vi på nydelege Eco Amasonic Lodge. Der overnatta vi i hytter som stod på påler, og hadde korøvingane og måltida i lokaler ved elva.

 

Det er rart kva ein rekk å få med seg på tre dagar, som vi hadde i Amazonas. Båtturer og krokodillesafari på natta, besøk på ei ape-øy, fisketur etter Piraya med påfølgande bading for dei modigaste var berre litt av det. Og så korøvingane då. Vi måtte jo forberede oss skikkeleg til vi skulle møte koristane på Lima Universitet.


På denne turen var vi færre enn “normalt”. Så derfor la vi ekstra mykje arbeid ned i øvingane slik at vi skulle kjenne oss mest mogleg trygge til vi skulle møtte koristane frå Lima mot slutten av turen.


Amazonas

 

Dirigenten Mr. Israel Olaya som no var nyutnemnd dirrigent for Peru Operakor, var Kulturmix sin dirigent denne gongen også. Og det vart to flotte konserter, saman med medsongarane våre frå Lima. Ein konsert på Lima Universitet, og ein konsert under ein kongress på det Medisinske Fakultet i Lima.

 


Avslutningskonser, Lima Universitet

 

Etter to veker med naturopplevingar, mixing og eigne øvingar, var eventyret over og vi måtte sette nasen heimover. Bildet over er frå avslutningskonserten til Kulturmix i aulaen på Lima Universitet.

 

 


ENNO EIN FØDSEL OG JULEKONSERT PÅ GRAN CANARIA

 

I November føddest enno eit korprosjekt. Dette var ein idè som nokre personar i Hardanger hadde gått svanger med ei tid; nemleg å opprette Hardangerkoret. Over 100 stk møtte opp. Så det skal bli spennande å sjå kva som kan by seg for dette koret framover.

 

Siste helga i November var det jule-korseminar på Gran Canaria. Koret på sjømannskirka, og koret til Den Norske Klubben hadde slått seg saman og arrangert korseminar med påfølgjande advent / Jule-konsert. Fantastisk triveleg og med eit oppmøte til konserten som gjorde at ca 1000 stk kom ikkje inn i kirka, som var stappa med 800 publikumarar. Geir Knutsen i Radio Noruega og Bjørn Jørgensen gjorde opptak til ein CD, der intektene frå salget gjekk til dei av lokalbefolkninga som slit og manglar både mat og arbeid som resultat av mellom anna finanskrisa.

 


Desember

 

Siste korseminar i 2009 vart avslutta den 20 desember med konsert i Indre Arna kirke saman med eit flott kor, og som viste seg å vere eit nytt og triveleg bekjentskap.


God Jul

…og det vart ei god Jul.

 

Publisert 01.07.2010 Skriv ut artikkelen Bookmark and Share

Reporter :  webmaster
Source : 


  • Våren har kome til Volda
    Hei alle som har purra meg om å fornye og oppdatere denne sida. Takk skal de ha! Det er faktisk kjekt med slike purringar – det viser at nokon kikar innom av og til. Så takk og takk, og her kjem endeleg oppdateringa. Eg startar like godt der forrige side slutta – i 2008.
  • 2008
    2008
    01.11.2008
    Sommeren og hausten 2007 har i likheit med våren vore spekka med flotte opplevingar og spennande program. Og 2008 kom før ein fekk snudd hatten. Enten kjem tida raskare no enn ho gjorde før slik mor mi påstår, eller så har eg blitt seinare på avtrekkaren.
  • x