Blogg

noimage

Godt nytt år
Volda Januar 2006 Hallo alle gamle og nye venner der ute. Berre for å minne om det: Jula er over, og 2006 er i farta.

Og så ein liten advarsel for dette brevet: Eit nytt år vekkjer visse behov for utlufting og refleksjon, og eit lite attersyn over året som gjekk. For nokre av dykk kan dette sikkert verke litt privat. Men eg legg i veg likevel.

 

Det er alltid litt rart dette å møte eit nytt kalenderår. Ein stoppar motvillig opp, og blir litt gammalmodig og nostalgisk for eit stund – i alle fall blir eg det.

 

Tankane flyg, og sviv gjennom året som gjekk. Kva var det alt dette som kom ein i møte? For det forbi, eller tok ein det i mot? Hendingar og andlet dukkar opp frå år som har gått, og byger av gammal glede og gammal sorg, lengt og melankoli kan fare gjennom ein. Kvar er han no? Og kvar er ho? Kva gjer dei på? Er dei lik seg sjølve enno… er dei slik dei var? Og kva med meg sjølv og dei rundt meg? Er ein til stades i livet, eller “går ein berre att og skrømtar og spelar og syng so smått” (som min gode norsklærar Oscar kunne spørje)

 

Ja, byger kan kome og gå, og heldigvis kjem også straumar av glede: Eg har fått oppleve nok eit godt år. Ei god og tolmodig kone held enno ut med meg, og vi er velsigna med friske og livsglade “ungar” som no er blitt voksne. Ja, tenk: familien heng i hop enno, og vi er ved god helse.. fantastisk!! Dette er ikkje sjølvsagde ting, og det kan lett bli gløymt over ein bunke rekningar, eller over ein oppvask som skulle vore tatt i går.

 

Gode vener, spennande prosjekt og flotte opplevingar gjorde livet meiningsfullt i dette året som gjekk også. Det er kanskje ein klisjé å seie det, men tida synest å kome fortare år for år.
Heime hos oss har ungane floge or reiret no, og på tampen av året sit gamlingane og blar i bilder og minner etter tida som var.

 

Etter å ha passert dei 50, må ein sjølvsagt innsjå at ein ikkje er ung og lovande lenger. Likevel kan ein, med litt ekstra innsats bere ungdomen med seg – og i seg. Ved eit årsskifte trur eg faktisk at det kan vere sunt å leite fram att ungdomens optimistiske briller. Sjå, nye tider og nye muligheiter ligg framføre. Samtidig så vil det levde liv ein ber med i bagasjen minne ein om at ein skal vere glad og takksam for kvar velsigna dag ein får.

 

Året som gjekk let etter seg mange gode minner og 2005 har også skapt forventningar til året som kjem. Mi kjære kone Ingrid Marie starta sitt sabbatsår i august 2005, og har fleire jarn i elden enn nokon sinne. No er ho oppteken med kreative formingsprosjekt i stoff og fargar, og som songar og leiar i det flotte koret “Stemmebandet” held ho songen og administrasjonsevna ved like. Saman med nokre venninner har ho starta ein kultur- og “gourmet”-klubb med kunstutsillingar og spesielle matopplevingar på kaféen “Fru Svendsen” i Ørsta…

 

Vi hadde dessutan nokre fine turar saman i fjor.

 

CUBA

 

I slutten av Januar var vi på Cuba ei veke og besøkte vår eldste dotter Ida, som var der for å lære seg spansk – (no habla ho som ein innfødd)

 

Cuba

 

BON AIRE


Seinare på våren hadde vi nokre herlege fridagar på Bon Aire, ei lita øy i Caribia. Vi var då på vei til Ecuador og Peru for å gjere ein førturné for Kulturmix.

 

Bon Aire

 

ECUADOR og PERU

 

I Nasjonalteateret i Quito fekk vi oppleve ein fantastisk konsert med Altiplano og Coro Mixto.

 

Konsert i Ecuador

 

Sprengfullt i salen (900) og på alle dei fire galleria. På plazaen utanfor teateret var der ca 1000 menneske som fekk konserten direkte overført på storskjermar og med full PA-lyd.

 

I Peru fekk vi sleppe inn på eit utgravingsområde der dei har funne ein ny by i ørkenen.

 

Peru - Ecuador

 

SANGTIMEN PÅ KYPROS

 

I sommar hadde Nils Abrahamsen, og eg eit opplegg som vi kalla “Sangtimen”. Det var 14 dagar med sol og bading, scooterturar og song på Kypros. Det viste seg å fungere godt, og det slo så pass godt an at vi satsar på eit liknande opplegg no til sommeren igjen. Då blir det dei to siste vekene i Juli. Så er der nokon som er ineteressert, så kom igjenn! Bli med!

 

Den som er interessert kan melde si interesse på skjemaet som kjem opp når du klikker her på : “skjema”.

 

Blomsterstudie i Salamis

 

SKRUK, dette livgjevande fellesskapet, denne åndelege muskelbunten og gjengen av uhøgtidlege, seriøse personlegdomar gir meg stadig ny energi og ei kjensle av å ikkje ha fylt 30 år enno.

 

SKRUK i konsert under Festspillene Bergen 2003
Sjå fleire bilete frå SKRUK sine “kvite kvardagar” med å klikke her på: fleire bilder

 

I 2005 fylte Mikis Theodorakis 80 år, noko som vart behørig feira rundt omkring i mange land. Takka vere min gode venn Ingemar Rhedin, som jobba for Theodorakis på 70- og 80-talet, har eg ved eit par høve hatt det privilegium å få møte Mikis Theodorakis i heimen hans i Athen.

 

Mikis Theodorakis

 

Denne mannen er eit levande bevis på kva musikk og dikting kan gjere med- og for folk. Ein kveld hadde vi heile seks timar saman, og Mikis Theodorakis fortalde vitalt og levande om hendingar og opplevingar frå sitt spennande og dramatiske liv. Han fortalde om sine første komposisjonar, om korleis familien hans brukte å synge fleirstemt under måltida i barndomsheimen, og at han brukte å ta mora til sides for å øve med henne før måltida begynte. Då han var 12 år skreiv han sin første song for å utvide songrepertoaret til desse songstundene.

 

Han fortalde om sitt møte med tyske soldatar, som okkuperte heimen deira og tysk fangenskap under 2. verdenskrig og om korleis diktinga heldt motet opp i han.

 

Han spela utdrag frå operaer han har skrive, og han fortalde om sitt første møte med Fidel Castro på Cuba, og om den dårlege lufta i Havana som gav han alergiske reaksjonar. Han fortalde om ein kar som tilbaud seg å ta han med til fjella for at han skulle få oppleve den friske lufta på Cuba.
Denne vakre mannen vart hans guide i tre dagar, og han baud Mr. Theodorakis på hans første cigar. Mannen var Che Guevarra.

 

Han snakka om kor skuffa og provosert han var over Bush-regimet og deler av den vestlege verda sin invasjonen i Irak.

 

Det var eit sant eventyr å få møte denne kjempa og legenda på så nært hald. Takk til Ingemar Rhedin som gav meg denne muligheita.

 

ASERBAIDSJAN

 

I August fekk eg igjen høve til å besøke Aserbaidsjan, dette landet som eg er blitt så fasinert av.

 

Måltid i Aserbaidsjan

 

Berre dei som har opplevt det kan forstå kva Aserbaidsjansk gjestfriheit verkeleg er. I Baku fekk eg vere med på nedlegging av grunnsteinen til det som skal bli senteret for Mugam i Aserbaidsjan, eit flott bygg som skal reisast mitt i hovudstaden.

 

Saman med mine gode vener Siyavoush, Ilgard, Eitibar og Per Arild fekk eg besøke Lahych, og dei nydelege og gjestfrie folka som bur i denne gamle fjellbyen . Eg oppsøkte huset til den gamle Imamen i byen, og som eg hadde møtt og blitt glad i nokre år tidlegare. Han var alt då ein gamal mann og helsa hadde byrja å skrante. Det viste seg desverre at han var borte. Han døde for ca to år sidan, men eg fekk besøke huset hans, og eg fekk tatt ein prat og ein kopp te med sonen, som no var blitt overhovud i familien.

 

i Lahych

 

Som de kan sjå av bilder på fleire sider frå i fjor, så har Altiplano hatt ein sentral plass i mitt liv og virke i året som gjekk. Vi håper å få dei over til Norge dette året også, og kanskje blir dei med på neste Kulturmix til Kina igjen…. Ja, det blir tur til Kina igjen…. og det går an å hive seg med. Turen er planlagt å gå rundt haustferien, så er der nokon som ønskjer å vere med, eller er interessert i å ha meir opplysningar om turen, så klikk her på : “skjema” og fyll ut rubrikkane som kjem opp og trykk på “send”.

 

i Baku

 

No ser eg fram til nye korseminar, konsertar, Kulturmix-turar og spennande samtalar med gamle og ny kjenningar i 2006.

 

Eg må berre få rope det ut: eg elskar jobben eg har og eg elskar livet!

 

So får ein berre knipe att augene ein og annan gongen når ein ikkje kjem heilt i mål med alt som augo, og kanskje naboen ønskjer å sjå på plass.

 

Eg set som sagt stor pris på ei helsing i gjesteboka.

 

prots

Publisert 01.01.2006 Skriv ut artikkelen Bookmark and Share

Reporter :  webmaster
Source : 


  • Mai 2010
    Mai 2010
    01.07.2010
    2009 var eit spennande år på mange måtar. Kva ville året bere med seg av godt og gale? Kva ville f eks fredsprisvinnaren Obama klare å utrette, som president i det mest innflytelsesrike landet i verda? Korleis ville den finansielle uroa som drog seg til i 2008 utvikle seg? Ville vi merke noko av dette her i Norge – og i Volda f.eks?
  • Våren har kome til Volda
    Hei alle som har purra meg om å fornye og oppdatere denne sida. Takk skal de ha! Det er faktisk kjekt med slike purringar – det viser at nokon kikar innom av og til. Så takk og takk, og her kjem endeleg oppdateringa. Eg startar like godt der forrige side slutta – i 2008.
  • x