Blogg

noimage

Julisommaren kom med øs og pøs i sør… og med sol i nord
Volda Juli 2007 Det har ikkje vore heilt fritt for skadefryd hos enkelte her i nordvest. Vi har då vassa oss gjennom så mang ein sommar, medan verdamene har smilt sol og godver til sør- og austlandet.

 

- Så då so –

 

Vi veit kva væte handlar om; og kva det gjer med humør og jordbær når det høljar ned dag ut og dag inn.

 

Men no er det nok!

 

Måtte alle i sør få ein god og solfylt sommer dei vekene som er att, og måtte vi alle få nyte humørgjevande sol, før klagene frå skifolk og idrettspresidentar melder seg; over klimakrisa, som har kome så brått på oss med mangel på snø og is, og som dermed gjer det ulevelege for TV2 og NRK på vinterstida også.

 

Før sommaren rakk å treffe Norge hadde «sommaren» likevel truffe fleire av oss. Kulturmix har f. eks, besøkt både Cuba og Skopelos denne våren, medan SKRUK har hatt hektiske turnèdagar i Hollywood, San Diego og Los Angeles for å nemne nokre av stadane SKRUK turnerte i mai.

 


Kulturmix Cuba

 

Rett før konsert i Havana

Denne gongen hadde vi også innvitert med to songarar, Mariela og Hugo frå koret ved San Marco Universitet i Lima, som vi «kulturmixa» med på forrige tur i Peru. Sjøl om språkforskjellar kunne stå i vegen nokre gongar, tok det ikkje meir enn ein dag før dei var ein heilt naturleg og organisk del av gruppa.

 

Frå revolusjonen på slutten av 50-tallet og fram til i dag har Cuba på mange måtar vore uendra. Likevel kan der på enkelte områder kome endringar plutseleg og utan varsel. Dette kan f. eks. skje i lovverket. For ein norsk nordmann på Cuba kan det opplevast som eit ganske så uforutsigbart land. Men dette gjer jo også at Cuba er eit spennande reisemål for den som har ein liten explorer i magen, noko vi kulturmixarane fekk oppleve.

 

Kulturmixen, dvs møte med lokale artistar og musikarar for felles workshops og konsertar var meint å skje i Trinidad og i Havane. I tillegg var det meininga å få med ei passe dose turisme.

 

Eit halvt år før avreise hadde vi fått kontakt med folk i Trinidad som ville prøve å forberede eit kulturmixtreff med lokale artistar for oss. Vi venta på tilbakemeldingar om korleis dette gjekk, og om dei fekk det til, men vi høyrde ikkje meir frå dei. Då det nærma seg tida for avreise til Cuba og vi enno ikkje hadde fått kontakt med dei, måtte vi berre skrive dette på kontoen for resultatlaus førebuing og begynne å tenkje på alternative løysingar. Trinidad stod jo alt på reiseruta.

 

Vi bestemte oss like godt for å bruke desse dagane i Trinidad til aklimatisering, vere turistar og slappe av med bading og med å øve på eige repertoar. Vi hadde jo med oss Altiplano, så øvingane ville ikkje bli kjedelege uansett.

 

Mannsrekkja øver i HavanaMen då vi kom til Trinidad vart vi møtt av to entusiastike ungdomar som stod klare og ønskte oss velkomne til eit fullt program med kulturmixing dei komande dagane. Dei hadde så vist ikkje gløymt oss, men tvert imot lagt ned eit stort arbeid for at vi skulle få nokre spennande dagar i Trinidad. Dermed vart det for oss å hive om på programmet igjen og gjere klar for “mixing” likevel…… spennande – kva kjem rundt neste sving?

 

Jau då, vi måtte faktisk be våre hjelparar om å kutte i programmet så det ikkje skulle bli for mykje, og likevel vart der konsertar både i Casa de Cultura og medverking i ein konsert/danse-show på utescena til hotellet der vi budde.

 

I Havanna skulle vi ha hovedopplegget av det kulturelle programmet med felles korøvingar og konsert, på slutten av turen. Vi hadde vi fått kontakt med eit proffessionelt kor, og hadde sett av tre dagar til seminar saman med dette koret. Då vi hadde gjort oss klar for første øvingsdag i Havana kom der beskjed at dei ikkje orka å møte denne dagen fordi dei var så slitne etter festivalen som hadde vore veka før.

 

- OK – …hive om på programmet igjen… og ta ein dag med badeferie på ei av dei flotte strendene utanfor Havana.

 

Neste dag var koret på plass, og songarane i begge leire fann kvarandre hjarteleg, på tvers av språkbarierer og kulturforskjellar. Vi fekk to spenstige dagar med herleg mix og ein flott avslutnigskonsert i eit gammalt ærverdeg konsertlokale utan glas i vindaugo og med trafikkstøyen og lydar frå gatelivet utanfor som ingrediensar i konserten.

 

BilDei hadde først trudd at “kulturmixen” skulle vere at vi song for kvarandre. Då dei forstod at meininga var å synge saman eit felles repertoar også, vart dei litt usikre. Dei hadde ikkje forberedt noko stoff som eigna seg til å lære bort på kort tid; dei hadde mest større korverk på repertoaret. Og det endte med at dei med stor entusiasme vart med på vårt repertoar, der dei m. a. fekk lære Blåman bukken min, Slipp mine fløyter fri etc.. Og dei sang på norsk som om det var det mest naturlege av alle språk.

 

Før vi skildes inviterte dei oss tilbake til ein ny Kulturmix i Havana, og dei lova at då skulle dei stille opp frå dag ein, og då ville dei også ha klart eit eigna cubansk repertoar!

 

…så vi håper å kunne lage ein ny “mix” på Cuba om ikkje alt for lenge.

 

Som eit resultat av den Amerikanske blokaden av Cuba har der blitt drastiske reuksjonar på importvarer og industriell produksjon. Dette har gjort at den cubanske dietten i aukande grad har blitt redusert til mat dei kan produsere lokalt. Ris og bønner er tradisjonelt med ved dei fleste måltid, saman med søtpoteter, tomater og yuca. Mais er også basis i mykje av maten dei lagar. Heimedyrka frukt kan ein kjøpe på markedet, som mango, avacado, appelsiner sitron, ananas, og papaya. Sjømat er vanleg, og hummer er ein cubansk spesialitet. Steikt svinekjøt er festmat. Og maten er slett ikkje dårleg, eller smaklaus.


Restauranten der dei spela inn filmen Jordbær og sjokolade
 

Å besøke restauranten der dei spela inn filmen «Jordbær og sjokolade» var ei oppleving. Vi kom først inn i eit kjellarliknande rom rett frå gata, der nokre Cubanarar som sat og spela noko som kunne likne på Dam – eller sjakk kika uinteressert på oss. Nokre majestetiske trapper som syntes å henge i lause lufta, snirkla seg opp gjennom etasjane og tok oss forbi leikande ungar og klesvask – opp til restauranten… Romet hadde fargesterke veggar med avflassa dører og glaskarmar utan glas i vindaugo. Dei tunge krystallkrunene under taket, og bilda på veggane fortalde om huset si spennande historie. Saman med freistande dufter frå kjøkenet, kvite dukar på borda og lett oppkava kelnarar, gav dette ei heilt spesiell atmosfære.

 

Skruk drog til California i mai. Det vart ein 12 dagars turnè, og med like mange konsertar. Våre uthaldande venner Olav og Laila, som bur i Laguna Hills hadde saman med vår manager for turen Mark, lagt ned masse energi og arbeid for å få denne turen til å bli vellukka.

 

        Frå lyd- og bildeprøvene i Crystal Cathedral

Promotionvideo for USA 2007
Flesteparten av koristane i Skruk budde heime hjå Olav og Laila. (det er det ein kan kalle å ha husrom, når ein kan hyse nesten 50 stk i 12 dager). Med dette som base, turnerte vi med åtte mini vans til dei forskjellege konsertstadane rundt omkring. Koret sine eigne folk var sjåførar.

 

Byar som SanDiego, Los Angeles, Thousan Oaks og Hollywood var mellom dei som fekk besøk. Det vart ein herleg, opplevelsesrik og tøff tur med mange og flotte konsertar og varm mottaking. Responsen var uventa overstrøymande, så vi har begynt å snakke om neste tur allereie. Det har kome E-post og meldingar frå fleire land etter at SKRUK slapp til i det verdsomspennande TV-programmet «Hour of Power» som gjekk frå Crystal Cathedral i Los Angeles.

 


Kulturmix Skopelos

 

Skopelos
 

Kven skulle tru at det kunne bli slik ein varme. Eine dagen var det målt heile 52 grader celsius inne på øya, og fuglar datt døde ned frå himmelen på grunn av varmen. Kulturmixarane slapp frå det med berre 48 grader i skuggen den heitaste dagen. Heldigvis var det så lav luftfuktigheit at det ikkje kjendest så heitt som det verkeleg var. Det galdt berre å drikke, drikke, drikke… og så drikke litt til.

 

Skopelos er nummer to i kjeda av dei nordlige Sporadene og den største øya. Den ligg mellom Skiathos og Alonissos og strekkjer seg 21 km lang og 8 km brei, og dekkjer 96 kvadratkilometer. Etter siste folketelling i 2001 hadde øya 4,696 innbyggere. Skopelos er sjarmerande og vakker, spennande og sofistikert, livleg, men likevel fredeleg. Der fins mange slike adjektiv som kan beskrive denne skimrande smaragden i Egeerhavet. Ein kan også seie at Skopelos er ei øy for ein kvar smak. Ideell for dei som vil gjere meir enn å ligge på stranda heile dagen. Kjempespennande å utforske.


Øyhopping og bading og medbragt chef
 

Skopelos er ei av dei få greske øyane som har klart å halde på mykje av sitt opprinnelege særpreg, og vert kalla for den grøne øya på grunn av sine pinjeskogar, vegetasjon og frodigheit.

 

Dette er Hellas på sitt mest trivelege og mest gjestmilde. Ordføraren på Skopelos hadde i eigen person, ordna med konsertstad, lydanlegg og scene for “Kulturmix”. Øyas eigen hoffgitarist Kostas Kalafatis stilte opp med to medmusikantar på bozooki, og utgjorde saman med Per Arild Skorgen på piano orkesteret vårt.

 

Kulturmix hadde base på hotellet Alkistis der vi både øvde og hadde frukost – for ikkje å snakke om morgongymnasstikken kvar dag med vass-aerobic i bassenget under kyndig leiing av Anne Dahl Olafsen.

 

I tillegg til heildags båttur med «øyhopping» og bading, så var Skopelos by ein triveleg plass å vandre mellom sangøktene, med mange spennande småbutikkar i tillegg til dei vanlege turistsjappene. Promenaden langs hamna er ei samanhengande rekkje av koslege smårestaurantar. Plaka i Athen kan berre gå og legge seg.

 

BadingSaman med dei greske songarane som stilte opp vart vi eit ensemble på ca 40 stk. og Kostas Kalafatis lærde oss to songar på gresk som vi hadde med på repertoaret i konserten mot slutten av veka.

 

Konserten vart ein kjempe-happening mellom norske og greske songarar og musikarar og eit internasjonalt publikum midt på hamne promenaden i byen. Og her vart vi også invitert tilbake til ein ny “kulturmix” til neste år. Denne turen varte kun ei veke, og vi var enige om at det var for kort tid på ei slik øy og med så trivelege folk.

 

Så neste år vert det 2 veker på Skopelos, og den som er interessert i å vere med, må krysse av i kalenderen for tidsrommet rett etter St. Hans.

 

 

 

Følg også med på dei neste turane som er i emning:

 

Kenya til påske 2008,
Tallin «Slektsstevne for Kulturmixarar» 1.Mai helga 2008,
New Orleans til hausten 2008
Nord Sulawesi/Molukkene til våren 2009

 

Meir detaljert informasjon om desse turane vil kome opp utover hausten på heimesida til globaltravel.no


Lunchplassar var ikkje vanskeleg å finne

Publisert 01.07.2007 Skriv ut artikkelen Bookmark and Share

Reporter :  webmaster
Source : 


  • Mai 2010
    Mai 2010
    01.07.2010
    2009 var eit spennande år på mange måtar. Kva ville året bere med seg av godt og gale? Kva ville f eks fredsprisvinnaren Obama klare å utrette, som president i det mest innflytelsesrike landet i verda? Korleis ville den finansielle uroa som drog seg til i 2008 utvikle seg? Ville vi merke noko av dette her i Norge – og i Volda f.eks?
  • Våren har kome til Volda
    Hei alle som har purra meg om å fornye og oppdatere denne sida. Takk skal de ha! Det er faktisk kjekt med slike purringar – det viser at nokon kikar innom av og til. Så takk og takk, og her kjem endeleg oppdateringa. Eg startar like godt der forrige side slutta – i 2008.
  • x