Blogg

noimage

Tida kjem – susande
Volda November 2005 Tida går ikkje skal vi tru indianarane i Søramerika. Tida kjem. Og jammen kjem ho fort. No er mørketida koma.

November kom susande med skodde, storm og vatn. Klissblaute halvrotna lauvblad ligg klint utover gjennomblaute plenar og stiar. Moldete spor i oppkøyrselen og skitne kattespor innover stovegolvet fortel oss at no har vi lov til å syte litt.

 

Mysande gjennom regnvåte brilleglas under parkashetta kan ein nyte den gode kjensla det gir å bære seg litt over veret og osonlaget når ein møter naboen.

 

Jammen gjer det godt å få syte litt. Og slik sett er det eigentleg ei fin tid akkurat no.

 

Tida kjem for å bli, seier indianaren i Ecuador; den går ikkje frå oss. Som i ein stor sekk ber vi den med oss, tida vi har fått til no, vårt levde liv med kvart eit sekund – på godt og vondt. Tidskonto har blitt eit moteord i vår marknads- og resultatorienterte kvardag, om det då er brukt på ein litt annan måte. Men vi disponerar jo ein konto av levd liv, minner og ærfaring. Vi kan gå inn 24 timar i døgnet og hente ut gode minner, kunskap, og opplevingar. Kanskje ønskjer nokre av oss å omplassere enkelte ting også – til sperra konto…

 

Det er i allefall ein artig måte å sjå det på. Når eg tenkjer på dei folka eg har møtt, og dei opplevingane eg har hatt berre siste månaden, føler eg meg rik. Ja, det kjennest faktisk som å ha pengar på bok; ein blir nesten litt brydd over at eit smil sprengjer på i silregnet.

 

I Oktober har møte og samspel med songarar i Gjøvik, Bremanger og Porsgrunn varma og inspirert. Desse opplevingane har definitivt hamna på kontoen for «gode minner».

 

Det er litt rart å tenkje på at korseminar og konsertar har vore «kvardagen» min i gjennom 25 år. Og det fantastiske for meg er at eg opplever det ikkje slik, som kvardag altså. Eg kan telle på ei hand dei seminara som ikkje har fylt meg med helg og glede, og ei sildrande varm kjensle av å vere i live.

 

Takk til alle dykk som eg har fått lov å møte som dirigent. Takk for gode ansikt og entusiasme. La oss seie skitt fiske for mange hyggelege og gjevande møter framover også!

 


Mot Folkestad

Oktober hadde trass alt fine dagar med. Dette bildet frå Volda mot Folkestad er rett nok frå oktober i fjor, men ein kan då gle seg over fargane og lyset likevel.

 

Det store kicket i oktober var turen med Kulturmix til Kina.


Gutta på tur / Den Forbudte By


Inklusive Altiplano var vi 35 kulturmixarar på tur.

 

Når ein ser bort frå beinharde shoppingrunder med pruting og kjøp av Gortex North Fake, Lolex-klokker og spenstige merkevarer av alle slag, hadde vi flotte turar til Muren, Himmelske Fredsplass, Hutongen og beinharde øvingar saman med Beijing Chamber Choir i vårt eksotiske øvingslokale i Den Forbudte By.


Konsentrasjon

 

Altiplano snudde Beijing CD Jazz Club skikkeleg på hovudet då dei dukka opp til ein jamsession eine kvelden. Etter ei noko reservert mottaking, tok det heilt av då dei fann fram instrumenta og begynte å spele. Mauricio og Oscar tok kontrollen, og det seig til med andre musikarar som etter kvart menga seg i jamen på scena. Til slutt var der full blåserekke, med m.a. ein amerikaner på trombone og kinesiske musikarar på tenorsaxofon, sopransaxofon, slagverk, kontrabass og på congas – i tillegg til Altiplano. Det tok ikkje lang tid før publikum fann fram mobiltelefonane sine og begynte å sende tekstmeldingar; og etter ein halvtime var der stinn brakke og ei ubeskriveleg stemning.


Altiplanojazz

 

Her viste Altiplano ei heilt ny side, som eg ikkje var klar over at dei hadde. Eg trur faktisk at Altiplano sjølve vart litt overraska over at dei verkeleg kunne spele jazz. Og det var glitrende kreativ Jazz!!

 

Dagen etter vart det intervju og bilder for musikkmagasin og aviser, med invitasjonar om å kome tilbake til Beijing.

 

Altiplano sin opptreden på Beijing CD Jazz Club medverka til at dei 500 billettane til Kulturmix konserten to dagar seinare, vart rivne bort.

 

Kulturmix konserten vart ein kjempesuksess også, og med eit meget entusiastisk publikum. Publikum kom nok først og fremst for å oppleve Altiplano, men dei sette tydeleg og høglydt pris på korsongen med.

 

Nick, dirigenten for Beijing Chamber Choir og våre kinesiske venner har alt bedt oss om å lage ein ny Kulturmixtur til Beijing neste haust. Så det vurderer vi no. Det ser også ut til at vi kan få med songarar frå Kina til Kulturmix i Peru i påska.

 

Tida får vise. Og no, no er det tid for å øve til jul.

 

God November!

 

prots

Publisert 25.11.2005 Skriv ut artikkelen Bookmark and Share

Reporter :  webmaster
Source : 


  • Mai 2010
    Mai 2010
    01.07.2010
    2009 var eit spennande år på mange måtar. Kva ville året bere med seg av godt og gale? Kva ville f eks fredsprisvinnaren Obama klare å utrette, som president i det mest innflytelsesrike landet i verda? Korleis ville den finansielle uroa som drog seg til i 2008 utvikle seg? Ville vi merke noko av dette her i Norge – og i Volda f.eks?
  • Våren har kome til Volda
    Hei alle som har purra meg om å fornye og oppdatere denne sida. Takk skal de ha! Det er faktisk kjekt med slike purringar – det viser at nokon kikar innom av og til. Så takk og takk, og her kjem endeleg oppdateringa. Eg startar like godt der forrige side slutta – i 2008.
  • x