Blogg

noimage

Velkomen vinter
Volda Desember 2005 Jula er i kjømda, og ei oppsummering av November er på sin plass.

Snøen har alt besøkt Volda to gongar denne månaden, og Julesongane har så smått begynt å strøyme ut av høgtalarar og sangstruper.

 

Altiplano har forlate Noreg og turnerar no vidare i Ecuador og i Colombia.

 

Eg har forresten fått streng beskjed om å helse til alle kjende; gamle og nye som dei denne hausten har fått møte og spela saman med i Noreg – og i Kina. Siste oppdrag før dei reiste, var på eit seminar for Utdanningsforbundet i Oslo. Dei gjorde som vanleg ein strålande jobb, fulle av energi og speleglede, og etter tre månadar i utlendegheit gledde dei seg tydeleg til gjensyn med familie og venner i Sør-Amerika.

 

I Allehelgens-helga var det haustturné for SKRUK. På fredagskvelden besøkte vi Eidsvoll med programmet ”SKRUK på nytt”, medan Rakkestad, Fredrikstad, Halden og Tune fekk oppleve “Sommerlandet” med SKRUK og Tord Gustavsen (piano), Knut Aalefjær (percussion) Sondre Meisfjord (kontrabass) Knut Ålefjær (slagverk) Torunn Sævik (vokal) og Cecilie Jørstad (forteljar) på laurdag og søndag.

 

Konserten ”Sommerlandet” er opplesing av boka Sommerlandet i ein vev av vakre nyskrivne songar og musikk. Temaet er sorg og sorgreaksjon. Dette verket er heilt spesielt å reise med, og grip både publikum og utøvarar sterkt. Tekstane er skrivne av Eyvind Skeie, medan melodiane er komponert av Galib Mamedov og arrangert av Tord Gustavsen.

 

SunnivakoretHelga etter vart det eit triveleg gjensyn med Sunniva-koristane, og med seminar og konsert i Florø. Samlinga denne helga viste på nytt kva potensiale som bur i desse songarane. Oddvar Stave hadde som vanleg lagt ned eit stort arbeid for at alt skulle gå så knirkefritt som mogleg, og gjort glitrande PR-arbeid. Dette gav oss fullsett kirke til konserten.

 

Jula er som sagt i emning, og dette merkast på mine korseminar også. Korseminaret i Drammen lokka fram julestemninga og viste at julesongane faktisk verkar i år også. Koret let ualminneleg vakkert til seminar-kor å være denne gongen, og julesongane fekk ei verdig framføring under avslutningskonserten.

 

Finnøy og Namsskogan stend på køyreplanen i skrivande stund.

 

Det ser eg fram til!

 

Då får eg berre ønskje god Desember og og omsider god Jul til alle frendar der ute.

 

prots

 

Ferga, Volda


Bilda:
1. Utsikt frå heimekontoret i Volda
2. Frå konsert med Sunnivakoret (foto: Thomas Bickhardt ”Kråkenes fyr”)
3. Voldaferga (Bildet er lånt frå: Voldaveiret)

Publisert 01.12.2005 Skriv ut artikkelen Bookmark and Share

Reporter :  webmaster
Source : 


  • Mai 2010
    Mai 2010
    01.07.2010
    2009 var eit spennande år på mange måtar. Kva ville året bere med seg av godt og gale? Kva ville f eks fredsprisvinnaren Obama klare å utrette, som president i det mest innflytelsesrike landet i verda? Korleis ville den finansielle uroa som drog seg til i 2008 utvikle seg? Ville vi merke noko av dette her i Norge – og i Volda f.eks?
  • Våren har kome til Volda
    Hei alle som har purra meg om å fornye og oppdatere denne sida. Takk skal de ha! Det er faktisk kjekt med slike purringar – det viser at nokon kikar innom av og til. Så takk og takk, og her kjem endeleg oppdateringa. Eg startar like godt der forrige side slutta – i 2008.
  • x